Kjøp billett

Frå høge himmel

onsdag 9. des kl. 20.00 - Sola ruinkyrkje KR 270 INK. AVGIFT

Åshild Vetrhus – folkesong

Andreas Ulvo – piano, synth, claviola, song

Morten Barrikmo – klarinett, bassklarinett, song

”Frå høge himmel” er ein annleis julekonsert. Ein får høyra tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. Nokre av salmane er slike vi framleis brukar i jula, men gjerne med andre melodiar, andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og her er salmar med meir enkel melodiføring. Publikum får høyra snodige, snirklete julesalmemelodiar med alderdomlege og høgtidsstemte julesalmetekstar i ein varm samklang med trøorgel, keyboard og bassklarinett. Dei tradisjonelle julesalmane frå Rogaland får eit nytt ansikt, blir løfta og fylte med godlyd på deira eigne premissar. Salmane er henta frå heile Rogaland, frå Egersund i sør til Suldal i nord.

Kjeldene musikarane har songane etter: 

Enok Olsen Vestre, Skjold (1882 -1971)

Ola Olsen Fagerheim, Sauda (1893 – 1977)

Martin Seljeskog, Strand (1862 – 1933)

Per Vetrhus, Suldal (1875 – 1960)

Jørgen Skjæveland, Bjerkreim ( 1906 – 1994)

Theodor Dahl, Time (1886 – 1946)

Jon Vetrhus, Suldal ( 1853 – 1932)

Ingolf Ytreland, Karmøy (1895 – 1979)

Kristine Tjøstheim, Suldal (1833 – 1924)

Ingeborg Katrine Valand, Egersund (1876 – 1959)

Arrangør: Åshild Vetrhus, i samarbeid med Sola kulturhus 

Varighet: 1 time

Vi ønsker at publikum skal føle seg trygge på våre arrangementer. Les mer om våre smitteverntiltak her.