Kjøp billett

KVITE FUGLAR – Tor Jonsson i fargar

tirsdag 20. nov kl. 19.00 - Sola ruinkyrkje
KR 150 - 150 INK. AVGIFT

«Nærast er du når du er borte. Noko er borte når du er nær …» Mannen bak desse kjende verselinjene, Tor Jonsson, blei knapt 35 år. Men han rakk å markera seg som ein særeigen lyrikar i den nynorske bokheimen; dikta hans kretsar rundt djupt menneskelege kjensler. I tillegg skreiv han innafor andre sjangrar med skarp og vittig penn. 

Skodespelaren Hallgjerd Byrkjeland og cellisten Katarina Svendsen har lytta seg inn i desse tekstane, og i forestillinga vekslar prosa, poesi og biografi med eit breitt spekter av musikk. I 2016 var det 100 år sidan diktaren blei fødd, og denne forestillinga blei laga til jubileet med premiere i Stavanger same haust. Deretter har forestillinga
vore vist ulike stader i Rogaland fylke, til varm mottaking frå publikum.
Kvelden i Sola ruinkyrkje blir siste høve til å oppleva KVITE FUGLAR – Tor Jonsson i fargar 

Varighet: ca 1 time 

Arrangør: Stille Scene med støtte frå Rogaland fylkeskommune