Kjøp billett

Mini Carmen

fredag 19. okt kl. 19.30 - Hovedsal nummerert
KR 150 - 300 INK. AVGIFT

Bergen Nasjonale Opera presenterer: 

HEFTIG KJÆRLEIK OG GLØDANDE ARIAR

Kjærleiken er ein vill fugl, som ingen kan temme, syng sigøynarkvinna Carmen på gata i Sevilla, og får blodet til å bruse lagnadstungt hos sersjanten Don José.

Dramaet om den fridomselskande Carmen byr på intrigar, heftig kjærleik og glødande ariar – og sjølvsagt er den tapre toreadoren Escamillo også med.  

Carmen av Bizet er ein av verdas mest spelte operaer, og i denne kammerversjonen, spesiallaga for BNO, fortel dei to venninnene til Carmen, Frasquita og Mercedes, historia på norsk, medan alle dei kjende songane er på originalspråket fransk. 

Gle deg til ein «sydande» kveld saman med Carmen!

 

Georges Bizet / Musikk

John Ramster / Regi

Stephen Higgins / Musikalsk ansvarlig

Olga Jørgensen / Piano
Filipa van Eck / Carmen

Alvaro Zambrano / Don José

Igor Gnidii / Escamillo

Beate Mordal / Micaela

Elisabeth Gimmestad / Frasquita
Ingvild Schultze-Florey / Mercedes

Arrangør: Bergen Nasjonale Opera og Sola kulturhus

Varighet: ca 1 time