Kjøp billett

RIT

tirsdag 5. okt kl. 19.00 - Sola ruinkyrkje KR 140 - 190 INK. AVGIFT

Olav H. Hauge sitt draumelandskap

Framsyninga RIT har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt RIT, som er eit gamalt ord for å skriva. RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør samarbeider tett i denne produksjonen om å utforska Hauge sitt draumelandskap. Målet er å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. 

Eit rom som freistar søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring. RIT teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei ro som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi.

Medverkande:
Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk.

Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland).

Tekst: Olav H. Hauge. Manus: Reidun Horvei og Katherine J. Hanson. Musikk: Inger-Kristine Riber

Foto: Oddleiv Apneseth

Varighet: ca 1 time 

Arrangør: IK Riber . Kulturfjorden, i samarbeid med Sola kulturhus

Vi ønsker at publikum skal føle seg trygge på våre arrangementer. Les mer om våre smitteverntiltak her.