Kjøp billett

Snillan Du

søndag 15. nov kl. 18.00 - Sola ruinkyrkje KR 150 - 200 INK. AVGIFT

Folkemusikkgruppa, Snillan Du, består av Amalie Eldnes, Helene Stulien Lauen og Lydia Haugan Helland.

Snillan Du skaper eit møte mellom modernitet og det tradisjonelle, gjennom eigenskrive musikk og nytolkingar av folketonar. Dei har henta tonar frå Rogaland, Telemark og Skottland, og noko vil også bli framført i tradisjonell stil. I ein klang av fleirstemnd vokal og tangentar, kan ein høyre element som gjenspeglar kvar enkelt musikar sin musikalske breidde.

Hovudtema for konserten er jul og vintertid. Tekstane tek føre seg gamal folketru, der ein blant anna vil høyre om Haugebonden som kjem fram mot juletider?. Gruppa sine nyskrivne songar tek opp tema som sorg, kjærleik og lengsel, noko som blant anna kjem fram i “Amerikabrev”. Den kan ein sjå og høyre her:

https://www.facebook.com/SnillanDu

Amalie fra° Halden, Helene fra° Byremo i Agder og Lydia fra° Vikedal i Rogaland har motteke musikkprisar og har brei erfaring med ulike opptredenar. Dei har gått studier innan la°tskriving, vokal, tangentar og norsk tradisjonsmusikk, og markert seg som musikarar i sine heimtrakter. No skal dei ut pa° turne´ og gleder seg til a° framføre den nye musikken. Nokon tonar og tekstar kan være kjende for mange, og dette er ein konsert folk i alle aldre kan ha glede av.

Velkommen!

Varighet: 1 time