Sola – død eller levande
tirsdag 17. jun kl. 17.00 - Lille Konsertsal |
17:00: Rundtur i Sola sentrum, oppmøte i Galleriet, ved studentutstilling om sentrumsplanen
17:30: Arrangementet startar på sola kulturhus, arrangementsstart 17:30
Korleis skal me halda Sola levande? Ein ting er sikker: For å klara det må me veta kva Sola er, kva verdiar me bør ta vare på, kva nytt me treng, og kva me kan kvitta oss med. No blir det debatt om kultur og identitet i Sola – møt opp for å seia din meining.
Bidra her med innspel på førehand: https://forms.cloud.microsoft/e/Bwtf1Ez0wX
Kva er Sola? Er Sola først og fremst vikinghistoria si, som heimstaden til ein en Noregs mektigaste vikingar, Erling Skjalgson? Eller er Solas identitet no mest knytt til næringane og rikdommen som kom med oljå? Skal me samanlikna oss med amerikansk forstad eller med norsk
landsbygd? Er Sola ein soveby utan klar identitet? Eller er Sola ein god stad å bo med rik historie og kultur?
I 2025 er det i gang arbeid med både kulturplan og sentrumsplan i Sola kommune. I sin natur er dei to planane svært ulike, men begge handlar om stadens identitet, og til grunn for begge planane ligg ambisjonen om eit meir levande Sola. Er det mogleg å få til? Kan Sola få eit levande sentrum og eit blomstrande kulturliv?
Me har invitert gode folk både frå innsida og utsida for å få hjelp til å forstå oss sjølve og kva Sola kan bli eller ikkje bli:
- Alexandria Algard er arkitekt, driv arkitektkontor i Stavanger og held føredrag om byutvikling, livskvalitet og attraktive byer og stadar
- Birk Florian Fischer Magnussen er festivalsjef for Kapittelfestivalen og tidlegare leiar for økonomifestivalen Kåkånomics. Han vaks opp på Ræge.
- Politikar-holmgang: Korleis skal me halda Sola levande? Med Ordførar Janne Stangeland Rege (H) og Knut Albert Gjedrem Auestad (R)
- Innlegg frå Alva Steen Dokka, leiar i Sola Ungdomsråd.
- Fleire innlegg frå engasjerte folk frå Sola – kanskje frå deg også?
- Sluttkommentar ved Solabladet-redaktør Helene Pahr-Iversen.